fredag 24. mai 2019

- Apropos drit-ungar som skulkar skulen for å «streike for miljøet»


-      

Er det det dei er, drit-ungar,  desse tenåringane som skriv tafatte plakatar og reiser frå skulen for å demonstrere for miljøet vårt, er det berre skinn-engasjement, tull og tøys og unnasluntring? Korleis møter vi dei? Som foreldre, som lærarar, som vaksenpersonar? Bles vi ut i lufta, himlar vi med augene, går vi berre utifrå at alle leikar engasjerte for å springe rundt i sentrum og vifte med plakatar? Ber vi dei om å skjerpe seg, at dette berre er tull, at dei berre ser det som ei moglegheit for å lure seg unna pliktene sine? At det går utover fråværet deira? At dei heller kan gjere noko fornuftig? At dei bør skjerpe seg og pugge gloser, eller lære seg dei femten fyrste stoffa i det periodiske system fyrst?

Eg trur i såfall at vi gjer oss sjølve ei bjørnetjeneste. Vi bør ta det minste teikn til engasjement alvorleg, vi må sjå dei djupt inn i augene å seie: «så bra at du bryr deg om dette», vi må for all del ikkje avfeie dei og føyse dei vekk, å seie «dette er tull». Det er IKKJE tull, og det må takast på alvor! I andre høve tykkjer vi ungdomen manglar engasjement, er navlebeskuande materialistar, mest opptekne av å halde oppe striken på Snap-chat, mobil, playstation og Paradise Hotel. Det også berre «tull og vås», ifølgje oss. Vi tykkjer det manglar tak i dei, at dei nesten er blitt for snille, greie og veloppdregne, at dei har det for godt, at dei manglar perspektiv og at dei berre ser deg sjølve.
Om tenåringen ymtar frampå om at han eller ho skal streike for miljøet så tykkjer eg at vi skal støtte dei som foreldre, men ikkje berre ved å seie «køyr på, streik i veg», eg trur dei treng meir støtte enn som så. Dei er så redde for å skuffe skulen og foreldra, dei er så lojale at dei ikkje veit ut og inn av sitt eige engasjement. Eg trur vi må fortelje dei kva vi forventar av eit slikt engasjement, kva det betyr å aksjonere, det å gå i lag og protestere. Vi må vise at vi respekterer saka deira, og at vi tenkjer det dei driv med er viktig, og vi må forvente at dei meiner noko med det.

Som lærar bør eg ta i mot dette med opne armar, få augene opp frå årsplanen som var lagt i august, gripe sjansen til å lære dei meir enn noko pensumbok kan lære dei. Og om dei unge, tilsynelatande, nyttar dette som er orsaking for ein ekstra fridag, ta ein prat med dei. Ta dei seriøst, spør korleis dei har tenkt å organisere seg. Her er ei gylden moglegheit til å lure dei inn i samfunnsdebatten, lære dei om organisering og om demokratiske prosessar og korleis ein kan påverke. Ein bør hive seg rundt og hjelpe dei. Vi kan ikkje berre blåse av dei og seie at dette er tulleri dei lagar til for å sleppe skulen. Tru at det ligg meir bak, dei anar berre ikkje korleis dei skal organisere aksjonen, dei har ingen leiar, dei har kanskje aldri hatt bruk for å demonstrere før. Dei har hatt foreldre som har snakka deira sak gjennom heile barndomen, dei har kanskje ein tettare relasjon til foreldregenerasjonen enn kva vi hadde før og dei kjenner kanskje på eit større press om å innfri og å ikkje skuffe foreldra. I blant klagar vi på at dei gjer for lite opprør. At dei sit på snap og sosiale media, det reagerar vi på, men vi let det halde fram med ymse modifikasjon. Når dei viser det minste teikn til å bry seg om noko viktig så ler vi av dei, og tykkjer dei skal skjerpe seg, når det er akkurat det som kanskje kan skje; at dei skjerpar seg! Viss vi snur oss mot dei, seier; «JA! Dette er bra, kom igjen. Kvifor engasjerer dette deg? Kven er det som må få beskjed? Korleis når det ut med bodskapen!? Korleis kan de organisere dykk for å bli høyrt?»
Slik eg ser det, er dette eigentleg ei gavepakke for skulen. Går ein inn på utdanningsdirektoratet sine sider, finn ein både gjeldande og kjerneelement for komande læreplan, og eg finn dekning for å bruke dette i undervisninga i dei båe.

Når det gjeld formålet med norskfaget i den gjeldande læreplanen står det:

Norsk er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling. Gjennom aktiv bruk av det norske språket innlemmes barn og unge i kultur og samfunnsliv, og rustes til deltakelse i arbeidsliv og demokratiske prosesser. Norskfaget åpner en arena der de får anledning til å finne sine egne stemmer, ytre seg, bli hørt og få svar.  

….
Gjennom muntlig og skriftlig kommunikasjon kan de sette ord på egne tanker og stå fram med meninger og vurderinger. De skal selv produsere ulike typer tekster med hensiktsmessige verktøy, og tilpasse språk og form til ulike formål, mottakere og medier. Etter hvert vil de også kunne fordype seg i faglige emner og bli dyktigere til å formidle et faglig innhold til andre.

(https://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Hele/Formaal)


Munnlege ferdigheiter skal dei også tileigne seg:
Norskfaget har et særlig ansvar for å utvikle elevenes evne til å mestre ulike muntlige kommunikasjonssituasjoner og kunne planlegge og framføre muntlige presentasjoner av ulik art.

Kjerneelementa for den nye læreplanen, som kjem hausten 2020, ligg allereie klare og det er ingen grunn til å ikkje vere proaktive i høve den. Her ligg også gode føringar for korleis vi skal rettleie dei unge inn i verda utanfor skulen:
Barn og unge må også forberedes til å ta vare på seg selv og hverandre, kunne forstå og håndtere og bygge gode relasjoner med mennesker rundt seg, og bli aktive og deltakende medlemmer av samfunnet, sier Sanner.
…, demokrati og medborgerskap og bærekraftig utvikling skal være tverrfaglige temaer i de nye læreplanene. Disse temaene går på tvers av fag, slik at de dekkes over flere fag der det er naturlig. Temaene tar utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringer og dilemmaer. Elevene skal forstå sammenhengen mellom handlinger og valg, og hvordan de kan finne løsninger gjennom kunnskap og teknologi.

Her er absolutt belegg for å ta dei på alvor, vi lærar må kunne vere såpass fleksible og vakne at vi tek denne ballen når den kjem susande, tykkjer eg.  Eit naturleg engasjement, rundt ei aktuell og viktig sak, ei sak vi kan bruke som knaggrekke for teori vi finn i lærebøker, retorikk, demokrati, miljølære, organisering, samfunnslære, fortid, samtid og framtid med mykje meir.

Kan hende det er vi vaksne som må skjerpe oss, dra nasa og skjegget ut av postkasse og navle, og sjå om det ikkje var akkurat dette vi sjølve etterlyste? Vi må velje å tru på dei, om dei kjenner at vi tek dei på alvor er eg viss om at dei også kjenner på seg at vi ventar meir av dei, enn berre «skulking for miljøet». Dei er i streik, og der er ein forskjel.

Rutta, 
direkte inne frå hengekøya i skogen, 
vil ikkje vere ein drit-vaksen



søndag 18. mars 2018

-Men mamma, ho har bedt om unnskyldning sjukt mange gongar da!






-          Ja, men det er viktig at ein lærer av det ein ber om unnskyldning for, og at ein viser at ein har skjønt kvifor det ikkje var rett å gjere som ein gjorde.

-          Korleis da?

-          Jau, viss du slår broren din, så er ikkje det greitt. Og ofte forstår du sjølv at det var feil, og du ber om unnskyldning, ikkje sant? Fordi du angrar, og fordi du faktisk forstår at du gjekk litt for langt.

-          Jo, somme gongar gjer eg det, men om det var han som begynte da…

-          Nei, slik er det, men kva er det eigentleg du ber om unnskyldning for?

-          For at eg slo?

-          Ja, nettopp! For du veit at ein skal ikkje slå. Du ber sjølvsagt ikkje om unnskyldning for at han begynte å gråte og for at han ikkje likte at du slo.

-          Men somme gonger forstår eg ikkje alt med ein gong.

-          Det er så, da kan ein prøve å forstå.

-          Korleis?

-          Jau, viss eg seier at sandkassa er ein plass der alle i utgangspunktet har rett til å leike seg, til  og med rampete-Egil og sinte-Kåre, så må dei få det. Dei kan få leike seg der, i lag med beskjedne-Berit og snille-Lise, ordentlige-Ola og regelrytter-Per.

-          Ok..?

-          Men så kjem Per og Lise og klagar til dei vaksne, fordi Kåre har kasta sand på Lise..

-          Oi!

-          Oi, ja, det kan du seie. Dei fører den vaksne til kassa og peikar på den skuldige. Sinte-Kåre reiser seg brått og seier at Lise begynte, Egil nikkar bekreftande, medan snille-Lise ser ned og grev iherdig med spaden sin, og regelrytter-Per seier at det er godt mogleg det var slik det hekk i hop. Den vaksne seier til Per at ein ikkje skal forsvare dei som har gjort noko gale, for det øydelegg for dei andre, og så tek den vaksne med seg både Kåre og Egil ut av kassa og ber dei finne på noko anna.

-          Hmm..det der kunne faktisk ha skjedd.

-          At nokon kastar sand ja, det skjer heile tida, det er eit samfunnsproblem i sandkasser.

-          Ja, men det der med Lise..

-          Kva da?

-          At ho faktisk har gjort det, men held det for seg sjølv.

-          Men er det rett da, dersom det faktisk er sant at Lise begynte, meiner eg?

-          Nei, men i blant er verda urettferdig. Og de vaksne er ikkje alltid så smarte heller.

-          Du seier noko. Kva burde den vaksne ha gjort da?

-          Tenkt seg om. Minna seg sjølv på at alle i sandkassa var menneske som kunne gjere feil. Gjeve dei ein sjanse til å forklare seg. Tru litt betre om Kåre og Egil og pittelitt dårlegare om Lise. Det hadde vore rettferdig, og klokt og vaksne skal vere kloke. Ikkje berre tru at ting er som dei ser ut.

-          Så det du seier er at alle har rett til å bli trudd og tekne på alvor, uansett kva dei har gjort før?

-          Ja! Elles vil dei ikkje ha ein sjanse til å forandre seg, og kanskje ser det berre ut som dei kunne ha funne på noko tull, fordi dei har eit lurt blikk for eksempel. Dessutan ville dei ha tenkt at dei like godt kunne oppføre seg som idiotar, fordi dei får skulda uansett.

-          Så den vaksne burde sagt unnskyld altså?

-          Ja.

-          For kva?

-          Fordi han ikkje tok Per på alvor, og for at han let Lise tru at ho kunne lure seg unna og fordi skulda Kåre og Egil for noko dei kanskje ikkje hadde gjort.

-          Du er ikkje så dum du!

-          Nei, eg er eit menneskebarn. Eg kan viss eg vil.

-          Kva om den vaksne ikkje ba om unnskyldning da?
-          Da kunne eg ikkje lenger stole på han.



onsdag 7. februar 2018

LIV





Livet er ikkje ein konkurranse
Ingen lever best
Ingen lever dårlegast
Ingen lever nesten
eller litt
eller mykje

Vi berre er
Så er vi ikkje
Lenger
Lenge
Lengst
Er vi ikkje
Ikkje i det heile tatt

Ein kan vere i livet ei stund
Ei kort eller lang, 
ei stund
Ei god stund

Vi er
Så var vi
Ikkje lenger
I livet

fredag 17. november 2017

Honivold


Kjære lokalavis

Kjære Fjordingen,  eg prøvar å gjere noko fornuftig i dag, difor er det veldig leit at de ikkje kan ta omsyn til det. Når de slepper biletet av forslaget til nytt kommunevåpen for Volda og Hornindal, på ein fredag i føreksamenstid, da gjer de ein slett jobb for meg og nærmiljøet.


Eg får ikkje lese artikkelen på nettet og blir dermed sitjande her i armoda, med meg sjølv og mitt tankespinn. Så øydeleggjande (sikkert for mange andre også). For vi får ikkje med oss den naudsynte forklaringa. Det er ikkje til å unngå, hjernen søkjer å forstå inntrykka den får, den vil setje saman elementa og den vil skape meining. Og den spinn rundt, og det blir rusa der oppe og det ryk or øyra mine og det er såpass at naseblodet skvett. 

Så hardt jobbar den for å forstå alle symbolikken som er putta inn i eit skarve våpenskjold i 2017. Og eg er ikkje spesielt politisk oppdatert, men eg veit der har vore diskusjonar kring denne kommunesamanslåinga, og det vil vel vere å overdrive om ein seier at fleirtalet vann fram, eller, kva veit eg.


Til røtene..

Volda
«Administrasjonen si tilråding til formannskapet var at ein skulle velje pennesplitten (eller ”Det opplyste bondevelde” som framlegget vart kalla), men då på grøn bakgrunn. Pennesplitten var i samsvar med tilrådinga frå nemnda som skulle vurdere dei innkomne framlegga, men den sa imidlertid ikkje noko om farge.» (https://www.volda.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=18&AId=1405)
Lesinga vidare opplyser meg om at dei med knapt fleirtal bestemte at botnen skulle vere blå.

Hornindal
«Hornindal har tre ljåar i sølv på blå botn i kommunevåpenet sitt. Grunnen til dette valet er at bygda i eldre tid hadde svært mange smedar og ein omfattande ljåproduksjon som gjorde bygda kjend i vide krinsar.» (https://hornindal.kommune.no/om-hornindal/kommunevapenet/)

2017
«I samband med samanslåinga av Hornindal og Volda til ein kommune, skal det lagast nytt kommunevåpen. Det blir valt gjennom ein open konkurranse der alle kan delta.
Forslag til kommunevåpen for den nye kommunen skal sendast eller leverast i konvolutt på A4-ark til;
·         Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda
eller
·         Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal
So far, so good
Oppmodinga var klar, her var det berre å finne fram si indre kreative kraft og fargestifter tell ( obs obs berre ikkje så mange av dei fargestiftene). Forslaga er tydelegvis landa i ymse postboksar hjå desse kommunetvillingane som snart skal kle seg i heilt lik symbolikk.

Og som eg allereie har som nemnt; eg har ikkje lese kva som står i avisa, eg anar ikkje kven som står bak redesignen. Eg tykkjer på mange vis det er eit godt ihopsett våpenskjold eg. Etter at eg har lese meg litt opp på heraldikken, trur eg at eg kan godkjenne forslaget. «….. at et våpen ikke skal ha mer enn ett metall og én farge…………….. at skjoldet må tydelig kunne bli avbildet alene ved hjelp av tinkturflater, uten hjelpestreker eller skyggelegging (kalt heraldisk flatestil…..», «….. skjoldfigurer bør være fåtallige, enkle og stiliserte for å oppnå størst mulig farge- og avstandsvirkning.» (https://snl.no/heraldikk)

For det fyrste

Det eg legg merke til er pennesplitten, i midten, eit blikkfang. Flankert av våpen, eller nei, dette er ikkje våpen, men ljåar, (ein avleggs bruksreiskap i likheit med pennsplitten). Javel. Ved nærare ettersyn, på avstand og i snøggheita, kan dette symbolisere noko anna. Med eitt er bilettolkinga i mitt eige hovud meir tvetydig enn eg fyrst trudde.Hmm… skal tru om, ja kva seier gutane her i huset om dette? Seksåringen seier at han ser Jesus, når eg spør kva det er bilete av her, det er noko med dei slengete armane på sidene som snakkar til han. Den andre eg spør ser berre pennsplitten, den tredje ser ein peispust, at dei begge var mest opptekne av å innvie playstationkvelden noterer eg meg som feilkjelde.


Men...
Med omsyn til denne symbolikken melder det seg likevel trøbbel (og eg vil minne om at dette er personlege refleksjonar kring politiske tema som eg ikkje i det heile tatt har grunnlag til å uttale meg om). Eg er meir som ein lek-analytikar å rekne her, men i så tilfelle er vi kanskje fleire, og eg likar godt eventyret om kleda til keisaren og slikt vås… så difor kastar eg meg utpå glatta.

For det andre

-Ho har jo ingen klede på seg!

For det eg ser er kanskje ikkje det du ser, og det du ser er kanskje ikkje det same som eg ser. For etter mitt fyrste inntrykk ser eg noko anna, eg ser kvinna innestengd i ei livmor av eit egg som sit fast i ein koagulert/forsteina menstruasjon. Utanfor står kirurgane klare med store knivar for å frigjere kvinna som berre ventar på naturleg fødsel.
-Phuii.
Og, ja, dette er det andre eg ser. Det neste ein da lyt spørje seg om er; kva betyr så det?
 (Og dette er årsaka til at eg vurderer å gå til sak mot lokalavis som deler dette forstyrrande biletet på fridagen min, heilt utan vidare forklaring, med mindre eg skaffar meg eit akutt-nettabonnement, noko eg sjølvsagt ikkje kan prioritere på ein dag da eg skal produsere saftig og interessant fagtekst for høgskulen i Volda).

Kva for symbol kan eg finne i denne andre tolkinga mi? Jau, ta td. denne stiliserte kvinnekroppen midt i splitten. Kvinna symboliserer liv, noko som også kan seiast om livmora, sjølve opphavet til livet. Altså ligg livet i livmora og ventar på fødinga. Menstruasjonen må vere eit teikn på at såmannen (kven no det kan vere), ikkje har gjort jobben sin. Noko som stemmer dårleg overeins med at det er liv der inne som vil ut.
Hmm..
Etter kvart som eg jobbar meg gjennom analysen er det ikkje lenger snakk om forsteina menstruasjon, det kan ikkje forklarast i lag med faktumet at livmora er med barn. Difor tolkar eg den heller som ein propp, eg tør ikkje spå noko om kven denne proppen gestaltar. Proppen kan vere dei kreftene som har stengt Honndalen inne i pennesplitten (les: Volda).
Reiskapen som er brukt til innhausting, tek gjerne jobben med å hauste, men her er den ikkje i bruk, for som ein ser heng ljåane opp ned på låven.  Ljåane (les gjerne: honndølene) står på stas. Tradisjonelt sett har bøndene fått råde over eiga mark, og gjort bruk av eige potensiale. Dessutan er dei sette til sides, for å gjere plass til pennesplitten som er svanger med Honndalen, som er stappa inn der til tvangsgjæring av ei vinkork. 

Tanken er nok at denne dalen, etter ein periode som ånden i flaska eller noko i den duren, vil sprengje pennesplitten og korken til dunders og lausrive seg frå år med undertrykking. Og oppfylle alle ønskje som nyoppdagarane måtte ha.

Symbolikk med sprengkraft der altså, mykje potensiell energi og fantasytistiske framtidsutsikter.

Godt val, gå for den!

fredag 20. oktober 2017

- Kapitulér! Lat oss bli effektive og engelske! (Lat oss råde på jorda...?)

Digresjon om språk, identitet og framtid

Kjedeleg, men på sin plass


Eg likar veldig godt å skrive, men eg likar best å velje tema sjølv, heilt åleine, plukke frå mitt eige tankestyr. I dag skal eg skrive oppgåve, det er kjedeleg. Det er kjedeleg for eleven, og det er kjedeleg for læraren, men det må til når ein skal lære. Går ein på skule, så skriv ein for å lære. Og når ein skriv for å lære, må ein heile tida vise til kven ein har lært det av (Dysthe, Hertzberg og Hoel, 2010, s. 98). Det prøvar eg å lære elevane mine også, men det verkar som om dei tykkjer det er like kjedeleg som eg, men «æres den som æres bør». 
Eg skal altså sy saman og forme to tekstar, som skal bli til ein heilskap med meining. Den skal seie noko om nynorsk i opplæringa, for det er det studiet heiter. Eg skal seie noko om korleis ein bør legge opp løpet  og korleis ein bør presentere dette språket vårt for ungane, teksten skal vise til konstruktiv tilnærming til norskfaget, heilt frå dei fyrste åra på skulen og opp i vidaregåande.

Studiedagen min

Og i hjernen susar humlene (for der oppe er dei enda ikkje utryddingstrua).

Eg drikk kaffi, fordi eg trur at orda kjem lettare da.
Eg les Seminværkatalogen for 2017, antakeleg for å finne inspirasjon i dei fantasifulle namna værane har fått (Ulla Krekar, Jukken Bruse og Amen m.fl.).
Eg ser på klokka.
Eg skriv ei setning.
Eg skriv to.
Eg scrollar nedover Språkspalta på Facebook, på leit etter nye vinklingar medan eg lurar på kva scrolling er på norsk.
Eg hentar ved og fyrar i omnen, i omnane.
Eg tastar inn ei overskrift og lagrar dokumentet.
Eg blar i ei pensumbok.
Eg tek ei tenkjepause.
Eg varmar middag frå i går til lunsj.
Eg grublar over meininga med livet.
Eg les statusane som støttar kreftsaka, eg feller nokre tårer med tanke på det.
Eg går inn på Språkrådet sine sider.
På Mållaget sine sider.
Eg les Riksmålsforbundet sine.
Eg tek ei tissepause og kammar håret mitt.
Eg ristar på hovudet.
Eg leitar gjennom huset etter markeringstusj.
Eg fortvilar for eg får det ikkje til å gå opp, det blir ikkje nok.

Ei praktisk tilnærming til norsk i klasserommet, det er klart at det må til. Og vi kan sjå på ymse resultat av forskjellige prosjekt og utprøvde opplegg. Likevel, det blir ikkje nok. 
For eg klarer ikkje,  med 1600 ord,  å forklare det viktigaste for meg sjølv og for dei som skal ha vilje til språk (Ottar Grepstad); danningsperspektivet


Visvas og prateprat

Og eg veit at nettopp her er det mange som ikkje gidd å lese meir, fordi dette blir slikt høgt-på-strå-pjatt, ovanfrå-og-ned-prat, dette gjeld ikkje meg, dette identifiserer eg meg ikkje med. Språk og identitet heng i hop (Mæhlum, Akselberg, Røyneland, Sandøy, 2008). 
Difor er det veldig dumt at ein ikkje når ut til alle med bodskapen og svaret på kvifor ein skal lære nynorsk og bokmål, begge delar. 

Gjev norsk meining, er det naudsynt

I eit fortvila augeblikk fann eg ut at det kanskje ikkje alle meiner at vi treng norsk, og med norsk meiner eg alt det inneheld av dialektar og skriftspråk og skrive tekst. For viss vi eigentleg tenkjer at det beste er om vi kuttar ned på norskfaget og heller lærer oss engelsk betre, så er det nok ingen vits i at eg sit å skriv på denne oppgåva i det heile tatt. Da gjev det ikkje meining.

Eg vil at det skal ha meining, og for meg har det det.
Den norske identiteten min treng denne meininga, for eg er norsk og eg er stolt av det. Ikkje fordi vi gjer det godt i langrenn, at vi er verdas rikaste land eller at vi har olje, på same måte som eg ikkje skjemst av at vi tapar i fotball eller snakkar engelsk med norsk aksent. Eg likar at eg har ein bakgrunn, ei historie, noko å lene meg på. Det treng ikkje å bety at eg vil stogge tida, at eg ikkje ønskjer utvikling. Det kan bety at eg ønskjer å sjå verdien i det eg har. At eg meiner den tryggleiken gjer meg i stand til å møte verda utanfor på ein god måte. At eg kan presentere meg for verda, fordi eg er nokon i verda, som nordmann. Eg likar at vi kan drasse rundt på nokre særtrekk, dersom særtrekka er verd å drasse rundt på. Og det tykkjer eg at mange av dei er.

Skottland og kjærleik, kjærleik til seg sjølv

Eg er avstandsforelska i det skotske td, landet, språket, slotta, historia, sekkepipene og kiltane. Det er noko særeige, noko anna, annleis er spennande. Ikkje det at eg vil bli eller vere skotsk, men som ei anna forelska skulejente vil eg at dei skal sjå at eg er heilt spesiell også, på mine måte. Og eg vil vera stolt av det.Eg vil at vi skal vera eit spennande folk. 
Er vi kan hende ikkje stolte nok, trur vi ikkje at vi er gode nok her oppe. Men vi likar det svært godt når andre, helst større og mektigare land fortel kor flinke vi er i Noreg? Sjå mot Noreg! Dei norske vikingane, desse sterke, tøffe blonde. Det likar vi! Og vi skriv om det i avisa, og vi deler det med kvarandre, sjå kor gode dei tykkjer at vi er. Kva tykkjer vi sjølve? Det handlar ikkje om å vere best, eller betre enn andre, det handlar om å vere.

Forståing og respekt og demokrati

Eg kjenner at eg ikkje kjem unna språkstriden inne i meg, dess meir eg les om temaet til meir overtydd er eg om at norsk er viktig. Alle aspekt ved norsk. Det er viktig for danninga av menneska i landet vårt. Det er viktig for forståing og jamsidig respekt, og med norsk meiner eg bokmål, nynorsk, dialektar, språk og litteratur. Det er ikkje lett målbart, det er ikkje kortsiktig gevinst, premien er langsiktig og den er gigantisk.

Så difor enda den fyrste skriveøkta i dag opp med desse spørsmåla:

Kvifor er vi ikkje stolte?

Kvifor er ikkje stolte av kvarandre?
Kva er det med språket?
Kva er det med norsk?
Kvifor er vi så hårsåre?
Kvifor likar vi ikkje å rette på eller å bli retta på? 
Kvifor trur alle at eg ikkje likar bokmål, berre fordi eg brukar nynorsk, alltid? 
Eg håpar verkeleg ikkje at alle bokmålsbrukarar mislikar nynorsk, eg trur det heller ikkje. 
Kvifor står vi på kvar vår skanse når vi burde stå i lag?
Kvifor står vi ikkje i lag?
Kva har forma haldningane vi har til vårt eige språk, dialektene og dei to skriftspråka?
Kven har vi hatt som språklege føredøme?
Kvifor kan vi ikkje heie på kvarandre, sjå styrken i kvarandre, lære av kvarandre og bli betre og sterkare i lag?

Vil vi eigentleg snakke engelsk?


Og om vi nå endar opp med engelsk som offisielt språk om hundre år, lat det vere norskengelsk, ikkje amerikansk.

torsdag 14. september 2017

Kvardagstrend: Perfect imperfection, rustikt, edgie og realistisk (mat-, mote-, interiørish innlegg)


Mange spør; 

"Korleis klarer du det? Korleis får du det til å gå i hop? All den oppfølginga, og like forbaska eit strøkent hus? Du imponerer meg! For ein energi, for eit overskot, for eit nydeleg skjørt, du har så god smak, og fortsatt like ung (og ikkje minst slank).
Eg forstår at det kan framstå som overdreven idyll, desse fem strigla småkarane i pressa Ola-bukser og blankpussa sko, utan mjølkebartar og med reine øyre sender eg dei ut av huset og bort på skulevegen, høffelege og greie, alltid. Kranglar aldri. Leksene ligg grundig velgjorte i sekkane,  bøker i gjennomsiktig plast (ikkje av miljøomsyn akkurat, men av omsyn til effektivitet i skulekvardagen.....) Småenglane. Eg ofrar meg heilt for dei. Dei er mitt alt, difor ønskjer eg ikkje at det skal vere noko å pirke på. Dei skal ha det beste utgangspunktet for ei eviglang utdanning, før ei eventyrleg høg lønsutbetaling, og for å få ei mor som kan sole seg i engleglansen."

Om du kjenner meg, litt, tykkjer du kanskje at dette skurrar meir enn vanleg. Det stemmer nok ikkje heilt med verkelegheita dette. Det er rett og slett ikkje heilt min stil, men stil, det har eg, den er berre ikkje slik som den eg skildra ovanfor... Eg har på mange måtar resignert, eg tykte dette familielivet var fantastisk da dei var så små at eg bestemte kvar vi skulle når, og korleis vi gjorde kva og verda var eit hus med fire veggar. Fire veggar som inneheldt alt av tid og leik og vaksentid på kveldane. No, snart fjorten år etter foreldredebuten ser verda annleis ut. Større, for det fyrste. Meir kaotisk, for det andre. Sju menneskje, sju individ, i eit fellesskap, eit kollektiv. I ymse aldrar, frå 5 til 45. Forskjellige interesser, forskjellig arbeidsmoral, forskjellig forhold til interiør, forskjellige preferanser når det kjem til TV-program, klede, husvask, søppelkasting, skitkasting, leksearbeid, fotballspeling, fysisk aktivitet i det heile tatt, opprydding, matlaging, politiske parti. Ymse definisjonar på debatt, diskusjon og krangel.
Og alle desse skulle vore inne i eit felles,  velfungerande skjema. Da må mora vera ein organisatorisk supermakt, noko ho ikkje er. 
Og om mora er i det rett lunet, forbannar ho seg sjølv fordi ho er så mislukka i modergjerninga, og dagen er berre eit krater i ein bugnande kalender. Andre dagar kan ho lytte til Fugelli sine ord, og gje ein lang faen. Og i dag skal ho gjere det, til ære for denne mannen som forlot denne verda i går, men som la att spor av visdom. 



Desse skoa står til dømes i min gang, dei er omlag eitt år gamle, dei er utgåtte, dei er velbrukte og dei er dritgode. Dei har vore akta og æra og utnytta, det kan eg ikkje skamme meg over. Kva andre tenkjer om min elleve-åring i desse skoa, det får vere deira sin sak. Eg likar at han har klart å slite ut eit skopar i 2017, i rike Noreg, der ein bør smykke seg med kvalitet, design og stil.



 
 Middagsbordet vårt, det er så kjekt at vi kan sitje fem minutt i lag før ferja må nåast og fotballkampen spelast. Spennande var korkje maten eller oppdekkinga, men det var mat, god mat, middagsmat. Lite fiksfakseri i grunnen, ikkje utbreidd serviettbruk heller.... Og etterpå, å rydde av dette bordet, det er det kjedelegaste eg veit, og ja; eg veit at det er kjekt etterpå, men det gjev eg blanke i. Det er og blir kjedeleg!
I staden set eg meg i salongen med ein kaffikoppen og prokrastinerer litt, tykkjer eg les dette ordet oftare og oftare. Liksom det gjer det meir stovereint å utsetje til i morgon, det vi kunne og skulle ha gjort i dag, om vi kallar det eit fint ord. 
Eg beundrar bordpynten som eit ungt stylist-team av dei sjeldne har sett i hop. Ei spegling av kvardagen, i eit godt komponert stilleben. Utblåste lys som seier noko om at stemninga kunne vore betre, øyreklokkene som kan stenge ute det ein ikkje vil ta inn og tek inn sjølvvalde tonar, og den desperate apekatten som kastar seg desperat inn i kampen om hårvoksen. Den vesle unselige Lego-klossen som står midt i skotlinja, symboliserer ein barndom som kjenner seg trakka på, oversett og snart forbigått. Besynderleg, tenkjer eg, og tørkar ei tåre.


Alle desse dagar.... Eit dikt som streifar det innanfor luggen min oftare enn eg måtte ønskje. Det går så fort. Eg rekk ikkje å tenkje på alt som skulle vore på stell ein gong. Eg veit sanneleg ikkje om det er verdt å tenkje på heller. Helst er det dei minna vi lagar av vanvare som held mest vatn, dei som var ekte, dei som berre oppstod. Som den fantastiske grillmiddagen vi laga på campingferien i sommar, medan regnet hølja ned, mor og far og bikkje under kvar sin presenning, våte til skinnet og utan ein klar plan. Eller dei sprengkokte, men heimeavla, mandelpotetene, som minner meg om middag hjå bestefar og bestemor. Og bestemor som lot oss få kokke med raudost, gras, mjøl og vatn, og alltid var så snill med oss.
Det minner meg også om middagane heime, med potet og fiskebollar og kanskje gele og vaniljesaus. Før pappa gjekk i fjøsen, eg skulle sitte å utsetje leksene, systra mi skulle gjere leksene, mamma skulle stryke, brette, vaske og bake, broren min min skulle vere cowboy og minsta skulle vere irriterande minst og søt. Leksene måtte eg gjere sjølv, og gløymekryssa måtte eg ta i mot sjølv, dei var mine og eg eigde dei.
Det var kanskje like greitt at eg fekk kjenne på det sjølv, for mamma passa på at kleda mine var reine og pappa var på jobb.
I mitt barndomskollektiv var vi også forskjellige, men vi er fortsatt vener. Heldigvis, og utruleg nok.

Eg må nok berre fortsetje, ein fot framfor den andre. Ein dag hoppar eg fram, skjerpar meg, vaskar, hjelper med lekser, bakar, kokkar, smiler, dansar, ein annan dag er eg trøytt, let oppvasken stå, drikk ein kaffikopp til, let att døra for hardt, orsakar meg, tenkjer meg ned i myra.
For meg er det normalt, og det går da nokonlunde, og ofte ler vi av det, og det er kanskje godt nok, dette, livet, opp og ned, meiner eg.

fredag 31. mars 2017

"-Kva driv du med på fritida? " ....det blir for enkelt...

Eg har verdas viktigaste jobb, i alle fall ganske nesten. 
Eg har eit stort ansvar, men eg er usikker på om eg alltid er så påkopla at eg ser kva eg sjølv driv på med. Viser eg respekt for alle elevane mine og mi eiga historie, mitt eige land og det at vi treng folk som tør å ta i eit tak? Gjer eg mitt for at alle skal bli sett? Gjer eg mitt for å heve statusen til yrkesfaga her til lands? Gjer eg mitt for at alle skal føle at skulen er ein plass der dei høyrer til?


Noreg er eit langstrakt land, og vi brukar mange av avkrokane som levestad. Sentrum blir ofte ein miniby, og minibyar likar å være meir som storebrorbyane, vi snakkar sentralt, effektivt, sosialt, tilgjengelig. Du skal ikkje langt vekk frå sentrum før du er meir «på landet» enn du var attmed samvirkelaget (som no er Kiwi eller Rema 1000 eller Coop eller Bunnpris).                                
            Da eg tok til på sentrumsskulen som låg 8 km vekk frå heime, var eg knappe 10 år. Eg har sagt det mange gongar, verda mi vart utvida da eg tok til fjerde klasse, det var annleis, meir fart, meir som skjedde, spennande. Like fullt, det var godt å kome heim. Eg pusta lettare i skikkeleg grisgrendte strøk, slik er det berre med mi sjel. Da eg møtte desse jamnaldringane i sentrum følte eg at sosialiseringa gjekk slik nokonlunde, eg likte folk, merka eg. Likevel, det var små ting som fekk meg til å undrast, undrast lenge, langt inn i vaksenlivet faktisk. Eg vart kalla «bonde i byen», det var ikkje vondt meint og eg tok det ikkje så altfor ille opp, men det skulle seie noko om at eg ikkje kjende til alle dei sosiale reglane for det urbane bygdelivet til dei andre tiåringane. I ettertid har eg ledd mykje av dette, kor historielause vi var, og er. Etter kvart har eg budd i større og mindre byar, i norsk målestokk, og sett bittelitt av den store verda utanfor. Og det er ikkje akkurat slik at eg i dag ser på bygda øvst oppi dalen som den heilt store metropolen, med «urban danning» heilt ned i barneskulen, om det er noko som heiter det.
             Heilt utan at eg var klar over det, vart det planta ein tanke inni meg den tida, ein tanke om at det eg kom i frå var noko gamaldags og avleggs, difor freista eg heller å legge meg på lik linje med dei hine. Eg vart med i handball og i fotball og eg prøvde ein sjeldan gong å få med meg sykkelen heilt ned til sentrum, for å øve opp urbaniteten min. Det var eit mislykka forsøk på å tilpasse seg sentrumsliv, det har eg forstått no seinare. Det var meir som noko eg smakte på, og som eg også likte slik passe, og det var i det minste sosialt, trass slapp kastearm og subbande vingspel. Fordelen var at om lærareren skulle spørje oss kva vi dreiv med på fritida, kva var det vi likte å drive med, ja da var det eventyrleg enkelt å svare handball eller fotball eller ski eller 4H(som i mine kretser var innanfor). Ikkje fleire oppfølgingsspørsmål, berre erkjennande nikking. "Organisert aktivitet. Det er så bra, da har alle eitkvart, sin plass, ein stad å vere, gjerne idrett, sunt".
          I dag er eg sjølv lærar, eg stiller sjølv slike spørsmål utover klasserommet. Eg er effektiv, eg vil ha respons, og eg får det, av nokre, to handballspelarar, tre fotballspelarar, nokre unge skiskyttere, ein speidar og nokre cross-køyrarar, cheer-leadere og musikantar.  
 -"Så bra, seier eg. Flotte aktivitetar. Da har de noko å drive med, ei interesse, noko å samle overskot i frå. Det er supert!" Det er kjekt å bli sett av ein lærar og av dei andre, det er godt å få bekrefta at det ein driv med på fritida har ein verdi og at andre ser det og tek det fram i lyset.
Det var berre det, at i dette klasserommet sat det kanskje ti-tolv fleire menneske som berre høyrde etter, dei sa kanskje ikkje noko. Kanskje ante eg at dei også var med på organisert ballkasting eller-sparking, eg tenkte at dei kanskje ikkje hadde lyst til å seie noko høgt og eg ville ikkje presse dei. Så eg lot det bli med det.
                  Lærarhjernen jobbar heldigvis utanfor klasserommet også, for det var ei skurring her ein stad, det var noko som ikkje var heilt godt, eitkvart eg ikkje kunne setje fingeren på. Hadde eg gjort jobben min i denne situasjonen? Hadde eg sett alle? Hadde eg vist respekt for alle sine liv der inne? Hadde dette vore ei inkuderande samtale? Eg ville gjerne tru på det, men eg fekk det ikkje til.
Etter kvart demra det for meg, eg hadde hatt handball og fotball som lita, og det snakka eg høgt om, men eg hadde også andre interesser, interesser som kanskje gav meg meir som person og som har hatt meir å bety for mitt vaksne liv. Dei var ikkje-organiserte og dei var meir heimebaserte og lokale og ikkje så fram i dagen og ikkje nok verdsette til at eg snakka om dei som viktige. Eg heldt dei for meg sjølv, og det var eigentleg ingenting i vegen med det, for dei var mine og dei gav meg noko, aktivitetar som gjorde meg litt tryggare i meg sjølv, åleine. Eg kjende heller ikkje eit behov for at læraren skulle dra dette ut av meg i klasserommet, eg kjende meg ikkje forbigått, eg berre sette det ikkje i kategorien «ting vi driv med på fritida og snakkar høgt om». Eg sådde, eg gjekk i sauefjøsen, eg hadde kanin og eg sykla, eg gjekk i bekken og i skogen, eg samla blomstrar, eg drøymde meg vekk.
                Tjuefem år seinare står eg altså sjølv i eit klasserom, framfor ein haug med elevar, og lurar på kva dei driv med, og eg fiskar fram alt dei har i den nemnde kategorien. Og så spør eg meg sjølv; gjer eg jobben min no? Ser eg alle? Viser eg respekt for liva deira og interessene deira? Driv eg med relasjonsbygging på høgt plan no? Og svaret eg gav meg sjølv er, eit rungande: 
-NEI!!
-          -Skjerp deg Rutta!
For kva skulle eg ha gjort, eg som skal ha eit godt utvikla elevsyn, bygge relasjonar for å støtte opp om læringa deira, vise elevane respekt ved å sjå dei som den dei er, kvar for seg? Jau, eg må drive research, i meg sjølv og i dei. Ikkje slik å forstå at eg måtte hale ut av den einskilde kva dei driv med på kveldstid, men eg kunne ha nemnt andre ting enn dei mest opplagde. Eg kunne sagt at somme likar å gå i fjøsen, at andre likte å spele dataspel, lese bøker, skru traktor, køyre lastebil med onkel, sprøyte møkk, sjekke fuglekasser og leite etter dyrespor, lage film, mekke på løypemaskin, samle insekt, dyrke fram planter, mjølke ku, hjelpe til i lamminga (som eg gjorde), forhausting, høyre musikk, danse i leikarring, landbruk, snekre, reparere ting, vere med på jakt, motorsyklar, måle, hjelpe til, bilkøyring, skikkeleg arbeid, fisking, spele kort, lage mat, gå  ærend for besta,  køyre skuter, mopedskruving. 
Eg kunne ha nemnt det i det minste, kunne tekje det fram i lyset og fortalt at det var noko bra. Da kunne eg kanskje ha kopla fleire på det eg driv med i klasserommet, om dei berre skjønte at eg også tenkte på dei, at skulen også tenkte på dei, utan at dei sjølve måtte fronte det. Eg kunne hjelpe dei å heve verdien på interessene deira, eg ville ha vist at dette var noko samfunnet såg og sette pris på. At skulen var for alle. At skulen ville utdanne alle.

Det hadde vore å vise alle respekt.
Å vise respekt er å vise at du ser nokon.

Nesten ferdigtenkt….for denne gong.